Dyrhaugstindane frå nordøst. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Søre Dyrhaugstind

Søre Dyrhaugstind er karakteristisk der han ligg rett vest for Skagastølsbandet og skuler over på naboen Storen på den andre sida av bandet.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Jotunheimen
    • Underområde: Hurrungane
    • Toppunkt: 2072
    • Høydemeter: 1020
    • Faremomenter: Skred, bre, stein. Renna er til tider trong.
    • Bratteste punkt: 45 grader
    • Startsted: Turtagrø langs Rv 55 Sognefjellsvegen
    • Tid opp/ned: 2–4 timar
    • Ekstra utstyr: Isøks og stegjern er nødvendig.

    Sjølv om dette ikkje er nokon opplagd topp å gå på ski til, finst det nokre fine, korte linjer på dette fjellet.

    Tilkomst/parkering: Frå Turtagrø langs Rv 55 Sognefjellsvegen

    10.1 Opptur nordaustrenna

    Følg rute 3.2 inn Skagadalen og opp på Skagastølsbreen. Frå breen ser ein renna som startar der austryggen reiser seg mot søre Dyrhaugstind. Inngangen på renna er fem meter frå innsteget på klatreruta «Søre Dyrhaugstind» frå Bandet. Gå enten renna opp frå breen eller nå henne ved å følgje austryggen frå Bandet til veggen reiser seg.

    • Lengd: 2–4 timar
    • Lengde nedkøyring: 1020 høgdemeter frå Turtagrø
    • Brattaste punkt: 45 grader
    • Farar: Skred, bre, stein. Renna er til tider trong.
    • Utstyr: Isøks og stegjern er nødvendig.

    10.1 Ned nordaustrenna E3, MV

    Ei kort og bratt renne. Er du først komen til toppen av renna, skal det noko til å køyre feil her. Turen følgjer renna nordover ned frå innsteget på klatreruta Søre Dyrhaugstind frå bandet. 

    • Når: April–juni
    • Farar: Skred, bre, stein, utgliding
    • Himmelretning: Nord, nordaust
    • Lengde nedkøyring: 220 høgdemeter + 800 tilbake til Turtagrø
    • Brattaste punkt: 43–45 grader i 200 høgdemeter (1920–1720 moh)
    • Tips: Renna er trong og bratt.
    • Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har bratte parti kor fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlige skadar. For å stå på ski i slikt terreng krevst det at ein meistrar gjeldande brattleik med god margin på dei fleste underlag. Oppturen vil som regel tyde bruk av stegjarn og isøks.

    10.2 Ned Procter Ulléns vei E3, MV

    Dette er ei flott, gamal alpin klatrerute. Denne ruta tilrår vi å gå opp. Her er ofte klippeparti det siste stykket opp på ryggen som leier til toppen av Søre Dyrhaugstind. Skavlane langs ryggen kan òg vere store somme stader.

    • Når: Mai–juni
    • Farar: Skred, bre, klippeparti i loddlinja 
    • Himmelretning: Nordaust
    • Lengde nedkøyring: 220 høgdemeter + 800 tilbake til Turtagrø
    • Bratteste punkt: 40–45 grader i 200 høgdemeter (2000–1800 moh), elles 30–35 grader i 100 høgdemeter (1700–1600 moh). Òg passasjar opp mot 40 grader i vestsida over Skagastølsvatnet og vestsida ned frå Tindeklubbhytta.
    • Tips: På grunn av skavlar på toppen og klippepartiet på dei øvste høgdemetrane til toppen tilrår vi på det sterkaste å gå opp same veg. Stegjern, isøks og eventuelt sikringsutstyr for dei siste metrane.
    • Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har bratte parti kor fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlige skadar. For å stå på ski i slikt terreng krevst det at ein meistrar gjeldande brattleik med god margin på dei fleste underlag. Oppturen vil som regel tyde bruk av stegjarn og isøks.
    Oversiktskart over Hurrungane. Frå Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå