Nordre Skagastølstind frå nord/nordaust. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Nordre Skagastølstind

Nordre Skagastølstind er den av skiturane i Skagastølsmassivet som er raskast å nå. Frå Nordre, Nebbskar, Skagastølsnebbet eller V-skar er det fleire ulike alternative nedfartar i aust og vest.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Jotunheimen
    • Underområde: Hurrungane
    • Toppunkt: 2167
    • Høydemeter: 1287
    • Faremomenter: Skred, skarejern, isøks og stegjern.
    • Bratteste punkt: 32–36 grader
    • Startsted: Turtagrø, langs Rv 55 Sognefjellsvegen

    Tilkomst/parkering: Turtagrø, langs Rv 55 Sognefjellsvegen.

    6.1 Opptur

    Følg ruteskildringa med tilkomst Styggedalsbreen og Gjertvassbreen via Skagadalen. Frå vatnet 1584 mellom Kolnosi og Nordre Skagastølstind følgjer ein vestre kant av Nordre Skagastølstind til topps. Om ein ønskjer å nå Nebbskar, Skagastølsnebbet og vidare langs ryggen, held ein på vestsida omlag ti meter under toppen. Her traverserer ein ut til ryggen langs ei «hylle» som ofte kan vere bratt på grunn av snøen.

    • Lengd: 2–4 timar frå Turtagrø
    • Lengde nedkøyring: 1287 høgdemeter frå Turtagrø
    • Brattaste punkt: 32–36 grader i 100 høgdemeter (1220–1320 moh) og 32–36 grader i 687 høgdemeter (1480–2167 moh)
    • Farar: Skred, skarejern, isøks og stegjern.

    6.1 Ned nordsida (Normalvegen) E1, GV

    Dei siste åra har det vore lite snø i denne nordsida. Ofte stikk stein opp og innbyr ikkje til nedkøyring. Følg same veg som opp. Ofte vil det liggje meir snø i austsida av toppflanken og dermed stikke fram færre stein. Ver merksam på klippepartiet mellom 1720 og 1800 moh midt i flanken. Terrenget rullar og det kjem brått på.

    • Lengd: Mars–mai
    • Farar: Framstikkande stein
    • Himmelretning: Nord, vest
    • Lengde nedkøyring: 1287 høgdemeter til Turtagrø
    • Brattaste punkt: 32–36 grader i 680 høgdemeter (1480–2160 moh) og 32–36 grader i 100 høgdemeter (1220–1320 moh)
    • Tips: Dei siste åra har det vore dårleg med snø og mykje stein framme i denne sida. Då kan varianten via Styggedalsbreen vere betre.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    6.2 Ned nordsida (via Styggedalsbreen) E2, V

    Denne varianten har vore best dei siste åra på grunn av mykje stein i nordflanken og det ofte ligg meir snø i austre kanten av topphenget grunna mykje vestaver. Frå toppen held du eit svakt søkk nordover i austre del av toppflanken. Frå 1800 moh trongt mellom klipper austover og vidare ned flanken til Styggedalsbreen. Hald fram tryggaste veg og enten tilbake via Helgedalen, eller frå demninga og vestover via hylla Svartfjellet og 1269-vatnet til du når kanten av Skagadalen og ned her. Sjå tilkomst Styggedalsbreen og Gjertvassbreen for meir info.

    • Når: April–mai
    • Farar: Framstikkande stein, bre, skred
    • Himmelretning: Nord, aust
    • Lengde nedkøyring: 1280 høgdemeter til Turtagrø
    • Brattaste punkt: 32–36 grader i 360 høgdemeter (2160–1800 moh), 40 grader i 100 høgdemeter (1800–1700 moh), 32–36 grader i 160 høgdemeter (1700–1540 moh)
    • Tips: Ein brattare variant enn 6.1 (normalvegen), og krev breerfaring og oversyn over breen.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg.  Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.

    6.3 Ned vestsida frå Nebbskar E2, V

    Vestsida har tallause store og små renner. Somme heng saman og andre ikkje. I sesongar med mykje snø vil det ofte vere råd å skifte mellom rennene. Rådet er derfor å gå opp same veg som du skal køyre ned. Sjå skildring til Tindeklubhytta under tilkomst Styggedalsbreen og Gjertvassbreen via Skagadalen. Start frå Tindeklubhytta og gå vestsida opp, så får du oversyn over vegen ned.

    • Når: April–mai
    • Farar: Framstikkande stein, skred, utgliding
    • Himmelretning: Vest
    • Lengde nedkøyring: 1220 høgdemeter til Turtagrø
    • Brattaste punkt: 35–42 grader i 600 høgdemeter (2100–1500 moh). Brattast i dei øvre 300 høgdemetrane.
    • Tips: Terrenget kan vere vanskeleg å få oversyn over frå toppen. Mange alternativ og variantar. Du får godt oversyn over denne sida frå Dyrhaugstindane. Det kan vere ein flott tur om ein timar nedkøyringa godt. Ein annan variant startar nesten rett vest for Skagastølsnebbet. Denne gir meir køyring og er omtrent like bratt, men kan vere vanskelegare inngang på.
    • Utstyr: Stegjern og isøks er nødvendig sidan denne vestsida ofte kan vere hard om morgonen.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg.  Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.

    6.4 Opptur Skagastølsnebbet via V-SKAR

    Skagastølsnebbet er det høgaste punktet mellom Nordre Skagastølstind og V-skaret. Ofte er det ein liten klyvepassasje ned i vestrenna frå V-skaret og Skagastølsnebbet. Gå derfor renna opp. Gå frå Turtagrø inn Skagadalen til Tindeklubhytta. Så søraustover til eit flatare parti på rundt 1550 moh til ein ser austover og opp renna mot V-skaret. Dette er den enklaste vegen opp renna til V-skaret. Sett att skia før det siste stykket opp i skaret som er smalt og bratt. Klyving frå skaret til toppen av Skagastølsnebbet.

    • Lengd: 3–6 timar
    • Lengde nedkøyring: 1320 høgdemeter
    • Bratteste punkt: Mykje 30–36 grader. 40–42 grader i 300 høgdemeter (1800–2100 moh). Dei siste 50 høgdemetrane til toppen av skaret er bratte og smale. Sett derfor att skia her.
    • Farar: Skred, stein
    • Utstyr: Stegjern og isøks er utstyr som bør vere med her.

    6.4 Ned vestrenna frå V-SKAR E2, V

    Nedkøyringa er bratt og gir ein fin introduksjon til mykje av den bratte skikøyringa i Hurrungane. Dei øvste 150 høgdemetrane får lite sol og kan ofte vere harde om våren. Følg renna du gjekk opp.

    • Når: April–mai
    • Farar: Skred, stein, utgliding
    • Himmelretning: Vest, siste del av renna mot breen meir sørvest.
    • Lengde nedkøyring: 1200 høgdemeter tilbake til Turtagrø.
    • Bratteste punkt: Dei øvste 50 høgdemetrane frå toppen av skaret er bratte og smale. 38–42 grader i 300 høgdemeter (2100–1800 moh). Elles mykje 30–35 grader
    • Tips: Snøen varierer mykje i nord- og sørlege del av renna etter kor mykje sola får tak.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg.  Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.

    6.5 Opptur via Styggedalsbreen til Nebbskar

    Følg skildringa med tilkomst Styggedalsbreen og Gjertvassbreen (sjå 3.1/3.2). Frå flata på Styggedalsbreen 1550 moh finn du den enklaste vegen sørover til du når 1700 moh. Herfrå trekkjer du vestover. Følg enklaste veg opp i skaret mellom Nordre Skagastølstind og Skagastølsnebbet. Dei siste metrane inneber av og til klatring på klippe. Dette vil variere frå år til år og sesong.

    • Lengd: 3–6 timar
    • Lengde nedkøyring: 1280 høgdemeter
    • Brattaste punkt: Passasjar rundt 40 grader (1800–1900 moh), 45–50 grader i 150 høgdemeter (1960–2110 moh)
    • Farar: Skred, bre, utgliding
    • Utstyr: Ruta krev isøks og stegjern i tillegg til sikringsutstyr.

    6.5 Ned austsida frå Nebbskar og Styggedalsbreen e2, MV

    Ruta er bratt i toppen og krev gode forhold for å køyre ho heilt frå Nebbskar. Klippepartia i toppen har blitt større dei siste åra grunna at breen har trekt seg tilbake. Gå derfor opp same veg, ei flott rute i spektakulære omgjevnader. Ei brattare og meir direkte linje (1760 – 1600 moh) i botnen har òg blitt brukt. Ho er bratt og ofte isete. Ver merksam på at breen kalvar her. Følg den vegen du såg deg ut på oppturen.

    • Når: Mai–juni
    • Farar: Skred, bre, utgliding, klipper
    • Himmelretning: Aust, nordaust
    • Lengde nedkøyring: 1220 høgdemeter tilbake til Turtagrø
    • Brattaste punkt: 45–50 grader i 150 høgdemeter (2110–1960 moh) og passasjar rundt 40 grader (1900–1600 moh)
    • Tips: Gå ruta opp på grunn av klippene som er komne meir fram i toppen mot Nebbskar
    • Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.
    Oversiktskart over Hurrungane. Frå Toppturar i Sogn.
    Ein treng ikkje hoppe inn i renna på vestsida frå Nebbskar, men nokre skilauparar likar luft under plankane. Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    6 mnd digitalt

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    3 mnd digitalt, 2 utgaver Flyt og boka Trygge Toppturer

    Tre mnd digital tilgang, to utgaver levert hjem og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    12 mnd digitalt og 8 utgaver

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå