7.1 Opptur

Frå Turtagrø kryssar du vegen og held på vestsida av elva frå Skagadalen. Rundt 1050 moh trekkjer du vestover mot vatn 1176 moh. Vidare sørover. Frå 1200 moh følgjer du lågaste punktet på denne breie ryggen til 1500 moh der det blir eit brattare parti att. Dette er òg slakast mot vest. Følg den breie ryggen vidare til han smalnar mot toppen av Nordre Dyrhaugstind og trigpunktet her.

  • Lengd: 2–4 timar
  • Lengde nedkøyring: 1180 høgdemeter frå Turtagrø
  • Brattaste punkt: 30–32 grader (1000–1180 moh)
  • Farar: Ver forsiktig med skavl mot aust og Skagadalen der ryggen smalnar. Særleg om sikta er dårleg.

7.2 Ned nordryggen (Normalvegen)  E1, L

Ein lang, fin skibakke utan for mange faremoment. Ein skal likevel vere merksam på dei små, bratte henga ein går utanom i starten av turen. Frå toppen er ofte den finaste snøen fonna som er avmerkt på kartet. Dette vesle søkket gjer at snøen held seg betre og ein slepp unna litt fleire stein, særleg etter nysnøfall. Frå Nedre Dyrhaug kan ein òg velje kor bratt ein vil ha det og himmelretning etter snøen. Småheng frå 30–45 grader i korte passasjar.

  • Når: Mars–mai
  • Farar: Skavlar mot aust nær toppen.
  • Himmelretning: Nord
  • Lengde nedkøyring: 1180 høgdemeter
  • Brattaste punkt: 30–32 grader (1600–1500 moh) og (1180–1000 moh)
  • Tips: Fin etter nysnøfall med lite vind. Snøen held seg ofte finare i austre kant av topphenget og i søkket på austsida av Nedre Dyrhaug.
  • Vanskegrad: Lett. Stor og jamn side med svak helling. Grei skog vanlegvis. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.