Vegen opp frå Ringsdalen. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Midtre Ringdalstind

Midtre Ringstind blir som oftast gjort i kombinasjon med Store Ringstind og eventuelt Austre Ringstind for dei som prøver å få 2000-metersringen slutta.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Jotunheimen
    • Underområde: Hurrungane
    • Toppunkt: 2025
    • Høydemeter: 1125
    • Faremomenter: Skavl i nordsida av vestegga, skred, utgliding
    • Bratteste punkt: 42–45 grader
    • Tid opp/ned: 6–8 timar
    • Ekstra utstyr: Turen krev skarejern, isøks, stegjern og breutstyr.

    Midtre er ein flott topp som kanskje ikkje gir frå seg så mykje skikøyring, men som likevel er verdt eit besøk.

    Tilkomst/parkering: Som for Store Ringstind

    12.1 Opptur Midtre Ringstind 2025 moh

    Følg opptur som for Store Ringstind til skaret mellom Midtre og Store Ringstind, 1730 moh. Herfrå følgjer ein enklaste veg til topps. Forholda varierer mykje frå sesong til sesong, men som oftast er det lettast å halde seg mot nord og vestegga, eller opp ei skrånande renne 100 meter sør for dette. Forsiktig med skavl i nordsida.

    • Lengd: Lang 6–8 timar
    • Lengde nedkøyring: 1125 høgdemeter
    • Brattaste punkt: Passasje på 42–45 grader (1900–1940 moh)
    • Farar: Skavl i nordsida av vestegga, skred, utgliding
    • Utstyr: Turen krev skarejern, isøks, stegjern og breutstyr.

    12.1 Ned Midtre Ringstind E2, V

    Det vanlegaste er å setje att skia i skaret og gå opp og ned på Midtre, men han blir stadig køyrt på ski. Ofte er det ein del stein og klipper framme som gjer han mindre interessant som skitopp for dei fleste. Finn linja frå skaret før du går opp, og følg henne ned. Ein har godt oversyn over sida frå Store Ringstind, og frå skaret mellom Store og Midtre Ringstind.

    • Når: April–mai
    • Farar: Skred, utgliding, skavl i nordsida 
    • Himmelretning: Vest/sørvest
    • Lengde nedkøyring: 285 høgdemeter til skaret + 840 høgdemeter til Turtagrø
    • Brattaste punkt: Passasje på 42–45 grader (1940–1900 moh), resten som for Store Ringstind
    • Tips: Ein tur på Midtre Ringstind er fin å kombinere med ein tur på Store Ringstind, men dei fleste brukar å vere nøgde med Store.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg.  Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.
    Oversiktskart over Hurrungane. Frå Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå