Nordaustflanken på Midtre Dyrhaugstind. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Midtre Dyrhaugstind, Nordtoppen, Nordaustflanken

Dette er ein veldig eksponert flanke som går frå Dyrhaugsryggen og ned i Skagadalen sør for Store Dyrhaugstind.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Jotunheimen
    • Underområde: Hurrungane
    • Toppunkt: 2135
    • Høydemeter: 1235
    • Faremomenter: Skred, bre, utgliding, klipper
    • Bratteste punkt: 46–50 grader
    • Startsted: Turtagrø, langs Rv 55 Sognefjellsvegen
    • Tid opp/ned: 5–10 timar
    • Ekstra utstyr: Her er det behov for sikringsutstyr, isøks og stegjern. Klatring og rappell i botnen av henget forbi klippene og ned på breen.

    Tilkomst/parkering: Turtagrø, langs Rv 55 Sognefjellsvegen

    9.1 Opptur nordaustflanken på Midtre Dyrhaugstind

    Ruta er ei gamal alpin klatrerute, første gong gått av Alf B. Bryn og Klaus Hanssen i 1915. Følg rute 3.2 til Tindeklubhytta og vidare til Skagastølsbreen. Herfrå sørvestover og inn mot den store nordaustflanken som går mellom Store Dyrhaugstind og nordtoppen på Midtre Dyrhaugstind. Ruta har klipper i botnpartiet som må klatrast på vekselvis snø og klippe. Avhengig av forholda er dette omlag 50 meter grad 2–3. Sjå Klatrefører for Hurrungane for nærare skildring.

    • Lengd: 5–10 timar
    • Lengde nedkøyring: 1235 høgdemeter til Turtagrø
    • Bratteste punkt: 46–50 grader
    • Farar: Skred, bre, utgliding, klipper
    • Utstyr: Her er det behov for sikringsutstyr, isøks og stegjern. Klatring og rappell i botnen av henget forbi klippene og ned på breen.

    9.1 Ned nordaustflanken på Midtre Dyrhaugstind E4, EV

    Om ein er kapabel til å køyre denne, er det ei majestetisk linje. Ute på flanken er ein svært eksponert og har store klipper i fallinja under seg.

    Inngangen er rundt lågaste punktet mellom nordtoppen av Midtre Dyrhaugstind og Store Dyrhaugstind. Med gode forhold etter snørike vintrar er det kanskje råd for somme å køyre mellom klippene frå flanken og ut på breen. Så vidt vi kjenner til, er linja ikkje køyrt samanhengande utan rappell. 

    • Når: Mai–juni
    • Farar: Skred, bre, utgliding, klipper. Fell du her, er du ferdig! Mykje av fallinja leier ned der klippene er høge, over sørenden av Fremste Skarstølsvatnet.
    • Himmelretning: Nordaust
    • Lengde nedkøyring: 370 høgdemeter ned til Skarstølsbreen + 860 høgdemeter ned til Turtagrø
    • Brattaste punkt: 46–50 grader i 370 høgdemeter + rappell/klippe i botnen av flanken
    • Tips: Ruta er seriøs på grunn av klippene i fallinja.
    • Vanskegrad: Ekstremt vanskeleg. Ekstremt skiterreng med lange parti over 45 gradar. Alle faktorar nemde på MV og/eller naudsynte vegval som krev akrobatisk dugleik kan ha påverka grada. Skiterreng for få. Fall vil vere livsfarleg, og vil så i dei fleste tilfelle vere fatalt. Det krevst svært stor dugleik for å ferdast sikkert i slikt terreng. Eit bratt parti i seg sjølv treng ikkje kvalifisere for  E4. Det er konsekvensen av eit fall eller utgliding som skildrast. Oppturen vil nesten alltid krevje stegjarn, isøks og sikringsutstyr.
    Oversiktskart over Hurrungane. Frå Toppturar i Sogn.
    Dyrhaugstindane frå nordøst. Frå Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå