Frå Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Lauvnostinden

Ein fin og populær skibakke som ikkje inneber noko transport inn eller ut ein dal først. Har ofte god snø etter nysnøfall om våren. Her køyrer ein til vegen att.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Jotunheimen
    • Underområde: Hurrungane
    • Toppunkt: 1980
    • Faremomenter: Skavl mot aust langs toppryggen
    • Bratteste punkt: 32 grader
    • Startsted: Ringselvi
    • Tid opp/ned: 2–4 timar
    • Ekstra utstyr: Skarejern kan vere greitt å ha, og stegjern om det er hardt langs toppegga.

    Toppen har alternative nedkøyringar, men austsida er bratt. Ein kan òg ta seg vidare langs ryggen mot Soleiebotntindane. Dette krev stegjern, isøks og sikringsutstyr.

    Tilkomst/parkering: Frå Turtagrø langs Rv 55 Sognefjellsvegen om ikkje Tindevegen er open. Er han open, tar ein av sørover langs Tindevegen. Etter å ha kryssa Ringselvi parkerer ein langs vegen rundt 1000 moh. Pass på at du ikkje sperrar for annan trafikk.

    17.1 Opptur Lauvnostind

    Frå parkeringa og opp mot ryggen på vestsida av Ringsdalen. Før Lauvnosi held ein på ryggen vidare. I toppflanken er det slakast å halde i vestsida av flanken. Vidare til høgaste punkt på ryggen. Siste stykket er smalt og steinete, så la ski stå om du ikkje skal vidare over ryggen. Ver merksam på skavl mot aust.

    • Lengd: 2–4 timar
    • Lengde nedkøyring: 1000 høgdemeter
    • Brattaste punkt: Passasjar rundt 32 grader på om lag 1350 moh og 1700 moh
    • Farar: Skavl mot aust langs toppryggen
    • Utstyr: Skarejern kan vere greitt å ha, og stegjern om det er hardt langs toppegga.

    17.1 Ned nordflanken (Normalvegen) E1, GV

    Sida er nordvendt og har god plass i toppflanken. Snøen er ofte fin her, også etter snøfall frå sørvest. Følg vegen du gjekk opp eller det du kikka på som nedfart under oppturen. I toppen er det brattare di lenger aust ein kjem. Normalt er det òg litt steinete i austre del av toppflanken.

    • Når: Februar–mai
    • Farar: Skavl mot aust langs toppegga.
    • Himmelretning: Nord
    • Lengde nedkøyring: 1000 høgdemeter
    • Brattaste punkt: Kun små passasjar på 32 grader rundt 1350 moh og 1700 moh
    • Tips: Ein av dei korte, moderate turane i Hurrungane som òg har køyring til vegen att.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    17.2 Opptur via Soleiebotn

    Ein kan nå skaret mellom Nordre og Store Soleiebotntind og dessutan skaret mellom Nordre Soleiebotntind og Lauvnostind frå vest. Start frå parkeringa som opptur Store Soleiebotntind. Følg same start, men ta mot vatnet på 1422 og Soleiebotnane i staden for inn på ryggen. Hald fram austover og inn i botnen. Her leier ei renne deg inn under Nordre Soleiebotntind og du kan ta opp i skaret nord eller sør for denne. Herfrå er det klyving av grad 2 langs ryggen. Luftig og lett terreng, men mykje laust fjell. Nordre Soleiebotntind når ein lettast frå sørvest og skaret mellom Nordre og Store. Luftig og lett klatring langs ryggen.

    • Lengd: 2­–4 timar
    • Lengde nedkøyring: 780 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 34–36 i 100 høgdemeter (1900–2000 moh)
    • Farar: Her blir det av og til gleppe mellom bre og renne. 
    • Utstyr: Isøks og stegjern. Klatreutstyr om du vil vidare langs ryggen på nokre av toppane.

    17.3 Ned nordaustrenna (mellom Nordre Soleiebotntind og Lauvnostind) E3, EV

    Ei lang og seriøs renne med 700 høgdemeter i bratt terreng. Til tider smal. Renna startar i skaret mellom Nordre Soleiebotntind og Lauvnostind. Ho er bratt og føret kan variere mykje. Derfor tilrår vi å gå renna opp.

    • Når: Mai–juni
    • Farar: Skred, utgliding, klipper, stein
    • Himmelretning: Nordaust
    • Lengde nedkøyring: 1000 høgdemeter ut Ringsdalen
    • Brattaste punkt: 42–50 grader i 700 høgdemeter (2000–1300 moh)
    • Tips: Renna er seriøs. Her bør du ikkje ha folk over deg sidan heile renna er smal utan noko særleg skjerma stoppestader. Ei stor trakt for alt som skal eller vil ned!
    • Vanskegrad: Ekstremt vanskeleg. Ekstremt skiterreng med lange parti over 45 gradar. Alle faktorar nemde på MV og/eller naudsynte vegval som krev akrobatisk dugleik kan ha påverka grada. Skiterreng for få. Terrenget har bratte parti kor fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlige skadar. For å stå på ski i slikt terreng krevst det at ein meistrar gjeldande brattleik med god margin på dei fleste underlag. Oppturen vil som regel tyde bruk av stegjarn og isøks.

    17.4 Ned nordaustflanken E3, MV

    Ein bratt variant i austsida av Lauvnostind. Øvre delen er bratt og har klipper i loddlinja av køyringa frå toppen. Nedre del er stor og open med slakare helling. Frå der toppegga smalnar av frå nord, ser du ned denne sida. Det kan variere korleis inngangen er på grunn av skavlen. Ofte må ein gå inn i sørlege delen og traversere nordover litt. Hald mot klippen og rund denne i nedre kant for å kome inn i ei renne som leier ut i botnseksjonen av flanken. Nedre del før Ringsdalen har òg eit klippeband som lettast kan passerast med å halde mot sørlege delen av flanken i botnen. Vidare ut Ringsdalen og til vegen.

    • Lengd: Mai–juni
    • Farar: Skred, utgliding, klipper
    • Himmelretning: Nordaust/aust
    • Lengde nedkøyring: 900 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 40–45 grader i 280 høgdemeter (1880–1600 moh)
    • Tips: Snøen held seg lenge tørr i øvre del av denne nordaustflanken. Loddlinja i starten av flanken leier utfor klipper. Her skal ein ikkje falle!
    • Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har bratte parti kor fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlige skadar. For å stå på ski i slikt terreng krevst det at ein meistrar gjeldande brattleik med god margin på dei fleste underlag. Oppturen vil som regel tyde bruk av stegjarn og isøks.
    Oversiktskart over Hurrungane. Frå Toppturar i Sogn.
    Sjølvaste kronprins Haakon i god stil ned nordflanken på Lauvnostind, 17.1. Foto: Erlend Sande. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå