FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Hurrungane minirundtur

Ein fin, alpin rundtur som kan kombinerast med fleire toppar og variantar undervegs, er rundturen om Helgedalen, Skagadalen og Ringsdalen.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Jotunheimen
    • Underområde: Hurrungane
    • Høydemeter: 1350
    • Faremomenter: Bre, skred. Det er bratt opp og ned Lovskar.
    • Bratteste punkt: 40–45 grader
    • Startsted: Turtagrø langs Rv 55 Sognefjellsvegen
    • Tid opp/ned: 5­­­–10 timar
    • Ekstra utstyr: Turen krev skarejern/stegjern, Isøks og breutstyr.

    Turen går gjennom mykje av det finaste landskapet i Hurrungane og gir godt utsyn til mange av toppane frå ulike vinklar. Dette er turen for dei som ønskjer å ta ein lang, alpin tur, og oppleve mest mogleg av Hurrungane. Det er mykje av og på med feller, korte og bratte passasjar opp og ned mellom skar og over brear. Lett alpint utstyr eller fjellski er derfor godt eigna. Turen kan kombinerast med tallause toppar og nedkøyringsvariantar.

    Tilkomst/parkering: Start frå Turtagrø langs Rv 55 Sognefjellsvegen

    Frå Turtagrø inn Helgedalen og opp mot Styggedalsbreen. Inn Styggedalsbreen til 1520 moh. Herfrå opp vestover mot skaret mellom Kolnosi og Nordre Skagastølstind. Vidare vestover mot Tindeklubhytta og sørover opp Skagadalen til Skagastølsbandet. Herfrå over Midtmaradalsbreen til Lovskar. Opp Lovskar og ned på Stølsmaradalsbreen. Rund sør for Austre Ringstind og gjennom Ringsskar. Hald fram til Turtagrø via Ringsdalen.

    • Lengd: 5­­­–10 timar
    • Lengde nedkøyring: Totalt omlag 1350 høgdemeter, mykje opp og ned.
    • Brattaste punkt: 40–45 grader opp og ned Lovskar (Sjå elles informasjon om andre turar).
    • Farar: Bre, skred. Det er bratt opp og ned Lovskar. Turen krev skarejern/stegjern, Isøks og breutstyr
    Oversiktskart over Hurrungane. Frå Toppturar i Sogn.,
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå