3.3 Opptur Nordsida

Følg eitt av alternativa inn til Gjertvassbreen skildra i 3.1/3.2. Frå Gjertvassbreen passerer du foten av nordpillaren på Gjertvasstind og trekkjer mot austre kant av breen. Herfrå kan ein følgje kanten av breen eller renner til ein når austryggen. Følg denne til topps. Små hammarar unngår ein ut i nordsida langs austryggen.

  • Lengd: 5­–10 timar
  • Lengde nedkøyring: 1450 høgdemeter frå Turtagrø
  • Bratteste punkt: 34–42 grader (1800–2160 moh). Kor bratte dei siste ti høgdemetrane opp på austryggen er, varierer ofte frå år til år på grunn av snø og vind. 
  • Farar: Bre, skred, utgliding. Turar i slikt terreng krev allsidig alpin erfaring med brear og ferdsel i bratt snø og is.

3.3 Ned nordsida via austryggen  E3, MV

Nedkøyringa krev gode skikunnskapar og brekjennskap. Breen har det siste året endra seg mykje i denne nordsida. Følg same veg som du kom opp, eller den du såg deg ut.

  • Når: Mai–juni
  • Farar: Skred, bre, utgliding
  • Himmelretning: Nord
  • Lengde nedkøyring: 1450 høgdemeter til Turtagrø
  • Bratteste punkt: 34–42 grader (2160–1800 moh). Kor bratt dei siste ti høgdemetrane frå austryggen og ned i nordsida er, varierer ofte frå år til år på grunn av snø og vind.
  • Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har bratte parti kor fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlige skadar. For å stå på ski i slikt terreng krevst det at ein meistrar gjeldande brattleik med god margin på dei fleste underlag. Oppturen vil som regel tyde bruk av stegjarn og isøks.

3.4 Ned nordaustflanken  E3, MV

Nedkøyringa krev svært gode skikunnskapar. Breen har endra seg mykje i denne nordsida. Det er derfor usikkert om turen kjem til å sjå slik ut framover. Om forhold og kunnskapar tillèt det, er dette ein flott tur i noko av det ville og alpine landskapet Hurrungane har å by på. Gå opp ruta du har tenkt å køyre ned.

  • Lengd: Mai–juni
  • Farar: Skred, bre, utgliding
  • Himmelretning: Nordaust
  • Lengde nedkøyring: 1451 høgdemeter
  • Brattaste punkt: 43–45 grader (2260-2060 moh)
  • Tips: Sida får lite sol og held lenge på tørrsnøen. Breen har endra seg mykje dei siste åra. 
  • Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har bratte parti kor fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlige skadar. For å stå på ski i slikt terreng krevst det at ein meistrar gjeldande brattleik med god margin på dei fleste underlag. Oppturen vil som regel tyde bruk av stegjarn og isøks.

3.5 Ned nordvestflanken E2, MV

Denne varianten har hatt mykje stein framme i toppflanken dei siste åra. Når snøen heng saman her, er det ein fin variant som er brattare enn nordaustflanken. Gå derfor opp same veg som du har tenkt å køyre ned. Breen har òg endra seg mykje dei siste åra. Frå toppen følgjer du vegen du gjekk opp, eller det du då såg deg ut til Gjertvassbreen flatar ut. Herfrå og tilbake ein av variantane til Turtagrø.

  • Lengd: Mai–juni
  • Farar: Skred, bre, utgliding
  • Himmelretning: Nordvest
  • Lengde nedkøyring: 1450 høgdemeter
  • Brattaste punkt: 38–45 grader (2350–2000 moh). Små passasjar som er brattare.
  • Tips: Gå ruta opp på grunn av mykje stein frå Gjertvasskaret og til toppen, samt oversyn over ruta i brefallet. Ovanfrå kan det vere vanskeleg å sjå heile terrenget. Det er fleire klipper breen kalvar utfor.
  • Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.