Austre Ringstind og Stølsmaradalsbreen frå søraust. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Austre Ringstind

Austre Ringstind blir ofte gjort i kombinasjon med Stølsmaradalstindane, men òg med midtre og store Ringstind for dei som samlar på toppar over 2000 meter.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Jotunheimen
    • Underområde: Hurrungane
    • Toppunkt: 2002
    • Faremomenter: Skred, utgliding, bre
    • Bratteste punkt: 40–43 grader
    • Tid opp/ned: 6–8 timar
    • Ekstra utstyr: Breutstyr, isøks, stegjern og skarejern

    Tilkomst/parkering: Same som for Store Ringstind

    13.1 Opptur Austre Ringstind

    Følg skildringa for Store Ringstind til du er på Ringsbreen. Herfrå går du søraustover gjennom Ringsskar og vidare austover under sørflanken på Austre Ringstind. Her er vanlegvis enklaste vegen opp rett vest for den søraustlege ryggen til topps.

    • Lengd: 6–8 timar
    • Lengde nedkøyring: 1102 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 40–43 grader i 100 høgdemeter (1900–2000 moh)
    • Farar: Skred, utgliding, bre
    • Utstyr: Breutstyr, isøks, stegjern og skarejern

    13.2 Ned sørflanken på Austre Ringstind E2, V

    Nedkøyringa er kort, med eit spanande terreng for dei som meistrar det. Følg den linja du har sett deg ut under oppturen, men det mest køyrbare skiterrenget blir ofte i austre del av sørflanken. Mange klipper innimellom, men dette varierer frå år til år.

    • Når: April–mai (Seint i mai er det ofte utsmelta i sørsida her.)
    • Farar: Skred, utgliding, bre
    • Himmelretning: Sør (til Ringsskar), deretter nord og vest
    • Lengde nedkøyring: 240 høgdemeter + 862 høgdemeter frå Ringsskar til Turtagrø
    • Brattaste punkt: 40–43 grader i 100 høgdemeter (2000–1900 moh)
    • Tips: Sola tek godt her, så ikkje ver for sein. Sida er ofte hard om morgonen og blir svært roten når sola har bakt inn om dagen. Fin å kombinere med Nordaustrenna på Stølsmaradalstindane.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg.  Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.
    Oversiktskart over Hurrungane. Frå Toppturar i Sogn.
    Oversiktsbilete syner adkomstvegar til og frå Turtagrø. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå