Ved toppvarden får du betaling for strevet med utsikt over delar av Sognefjorden. Går du eit lite stykke forbi varden, ser du rett ned dei bratte fjellsidene som endar i Vetlefjorden, og du kan skue utover eit dramatisk fjell- og fjordlandskap. Snøen ligg gjerne lenge utover våren og gjer Johannesberg til ein glimrande vårskitur.

Tilkomst/parkering: Frå Førde køyrer du E39 til Moskog og tek av til fv13 mot Balestrand. Denne vegen går vidare mot Gaularfjellet. Du kan og komme deg til Gaularfjellet ved å køyre av E39 på Sande og inn på fv13 her. Gaularfjellet vert ofte vinterstengd ved Langestølen, som ligg ein km aust for Byttevatnet. Du kan parkere og starte turen ved bommen her. På våren vert vegen ofte brøytt fram til Kviteforklefossen, som er om lag ein km vest for Nystølsvatnet. Her er det parkeringsplass på sørsida av fylkesvegen.

Ved turstart ved Langestølen følgjer du fv13 austover til du tek av ved parkeringsplassen til starten av "Fossestien" mot Torsnesstølen. Du kryssar elva og held fram i sørleg retning mot toppen av skaret på 764 moh. Denne er markert med ein stor varde, og du får utsikt til Skarvatn og den gamle ferdselsvegen mellom Sunnfjord og Sogn gjennom Sværaskaret. Den tyngste delen av turen går frå varden og  sørvest til du når toppen av Flatfjellet. Frå Flatfjellet går vegen sørover i lett kupert terreng. Like før toppunktet, i søkket når du har passert høgde 1328 moh., reiser det seg eit bratt heng på 50 høgdemeter. Du går opp bratthenget på høgre side. Her vel dei fleste å ta av seg skia for å nå toppen.