Flaumlyset frå skisenteret gjer dessutan toppen ypparleg for kveldsturar under stjernehimmelen. Det er lagt godt til rette for variert skogskøyring i open bjørkeskog rundt skisenteret, som gjer det til ein perfekt destinasjon når snøen lavar tett og vêret er for hardt til tur opp på toppane. Sjølv om Kvamsfjellet ligg langt vest i Jølster kan du på grunn av snøproduksjon i skianlegget ofte stå på ski heilt ned i bygda til langt ut på våren. 

Tilkomst/parkering: Når du kjem frå Førde tar du av E39 rett før Jølstraholmen senter, og køyrer mot Bjørkeli og Jølster Skisenter. Du parkerer ved Jølster Skisenter. Oppstigningane til Kvamsfjellet er skildra med start frå Øygardstøylen. Denne kan du nå ved bruk av skiheis eller bilveg med bom. Om du vel å ikkje bruke skiheisane, er det vanleg å gå opp langs kantsidene til ein av ski-traseane. 

Frå Øygardsstøylen går du opp langs ein av ski-traseane. Frå vendehjulet til øvste skiheis ved Amfen (Kvamsheisen), går du til venstre for vendehjulet i søraustleg retning. Der du traverserer over den bratte sida øvst i Stordalen, legg du sporet høgast mogeleg for å unngå parti over 30 grader i dette området. Du går deretter i lett kupert og oversiktleg terreng i sørleg retning. Sør for Kvamsskaret går du nordover og rundar opp mot toppen frå baksida av fjellet.