Oppstigninga via Tungefjellet er for dei som søkjer bratte utfordringar, og nedkøyringa her gir sjølv den mest erfarne skikøyraren eit energikick. På veg mot den kuppelforma toppen kan du få ei høgtidleg oppleving etterkvart som du ser at dine bratte draumar er i ferd med å bli realisert. 

Tilkomst/parkering: Frå Vassenden køyrer du inn på fv451, Nikolai Astrups veg, som er skilta mot Kjøsnes og Astruptunet. Frå Skei køyrer du rv5 til Kjøsnes og tek av inn på fv451 der det er skilta mot Vassenden og Astruptunet. Du køyrer langs sørsida av Jølstravatnet og parkerer ved grustaket rett aust for Bjørndalselva. Unngå å parkere ved kraftverket og ved skogsveg frå Sanddalsstrand.

Du følgjer vegen opp mot kraftverket på austsida av Bjørndalselva, og vidare opp kraftgata til du møter skogsvegen frå Sandalsstrand. Frå demningen går du forbi Bjørndalsstøylen og austover mot Sandbotnen. Der det flatar ut i Sandbotnen, tek du høgde mot Blåfjellet. Frå Blåfjellet må du litt ned att til Flateeggane. Hald god avstand til skavlane som heng ut mot Skryklingsdalen etter Flateeggane. Etter eit kort, bratt parti er du på egga som du følgjer i ein boge vidare til toppen av Styggevassegga og Isvassnipa.