«Isdronninga» ligg i solsida frå tidleg i sesongen og du kan velje nedkøyringar i ulike himmelretningar og dalføre. Toppane ligg tett, så her er det òg mogleg å gjere fleire toppstøyt på same dag.

Tilkomst/parkering:  Ta av E39 ved Helgheim kyrkje og parker bilen her. Dersom du vil gå på Egga eller Blåfjellet via Husskarsgrova i Fygladalen, parkerer du ved campingplassen Jølster Panorama, eit par kilometer vest for Skei. 

Frå kyrkja går du vest over brua på E39 og går deretter opp dyrka mark til det øvste gardsbruket på vestsida av Helgheimselva. Du følgjer deretter skogsvegen (bomveg) mot Helgheimsdalen. Når vegen flatar ut finn du ein høveleg plass å krysse Helgheimselva austover mot Husstøylen. Frå stølen følgjer du nordsida av elvefaret i Husdalen og går deretter opp den sørvende ryggformasjonen mot toppen.