Den austvende fjellsida ligg fint i le for vestavinden, og er ein fin tur for både ­nybegynnarar og barnefamiliar. Indrebøfjellet passar òg for hastige og svoltne skikøyrarar, som er på jakt etter rask snø under skisolane, gjerne i selskap med hovudlykta når det er pudderfest midt i arbeidsveka. 

Tilkomst/parkering: Følg fv481 mot Angedalen. Etter å ha passert Indrebø parkerer du like før brua over Angedalselva. 

Følg skogsvegen som går slakt oppover langs nordsida av ­Angedalselva. Når skogsvegen får ein liten nedoverbakke rett sør for Tverrelva tek du av mot nordaust. Hald fram i denne retninga til du kjem til ein rygg like ved Tverrelva. Her finn du opning gjennom den tette granskogen. Gå vidare i same retning mot ryggen som ligg sør for Tverrelvebotnen. Følg denne opp mot toppunktet.