Mannen er derimot skaret mellom toppane, der ein varde sannsynlegvis har gjeve namnet. Turen er nesten skredtrygg og eit bra alternativ over tregrensa i dårleg ver. Jostedalen nutleikarlag eig i dag hytta som vart restaurert i 2013/14. Det er vanleg å legge att ein liten peng i boksen som takk for vitjinga

Ein går til Vanndalsvatnet som mot Vangsen, men kryssar ikkje Vanndøla, då ein skal nord for vatnet. Gå nordaustover, hald avstand til dei brattare austsidene på Myrhønna. Før skaret bratnar det, omlag 30 grader i eit kort parti. Det vanlegaste er å gå opp på vestsida av skaret og skreie ned på austsida. Gå flatt over skaret og opp 28 graders bakke før det flatar ut att og ein går aust og inn i ein liten dal på omlag 1350 moh som går nord/sør. Gå opp sørover til omlag 1450 moh, drei så aust opp siste bakken. Velkommen inn! Nedatt er det vanleg å sleppe seg ned frå skaret på austsida, her er det jamnare bakkar og ofte meir snø.