Frå toppen har du fin utsikt nedover gardane langs den kjende fiskeelva Nausta, og heilt ut i øyane utanfor Florø. Høgefjellet er på kartet merka av som ei høgde på 982 moh. rett vest for Sandfjellet.

Tilkomst/parkering: Frå Naustdal følgjer du rv5 mot Florø. Ta av til høgre mot fv512 før Naustdalstunnelen. Følg fv512 vidare mot Nes. Ta av der det er skilta mot Instedalen ­skileikområde før du kjem til Fimland. Ved enden av denne vegen kjem til du Reinene. Her startar du turen. 

Frå Reinene går du i søraustleg retning mot Bruflotstølen, og passerer aust for Reineklubben. Hald fram i søraustleg retning forbi Reinestølen fram til du står aust for Strandaklubben. Her skal du gå mot aust opp eit kort heng, som av lokale vert kalla Skitnekleiva, som tek deg opp til Nordavatnet. Herifrå er det litt nedoverbakke til du er ved nordenden av vatnet. Du går i ­nordleg retning i dalformasjon opp mot toppunktet på 982 moh.