Nedfarten ned nordsida via austsida av Grånipa er ein nedfart som kombinerer nordside og austside. Elles må ein rundt denne høgda dersom ein skal ned i Strupen og vidare vestover mot Synnevaskjer.

Ein kan anten bruke den vestlege oppturen mot Nonsholten (4.1) til det vestlege skaret og derfrå vestover til toppen, eller ein kan følgje oppturen til Grånipa og derfrå nordover ryggen til høgde 1387 moh.

Nedfarten går ned nordflanken aust av toppen. Nordflanken har skavl både på austsida og vestsida av flanken. Det øvste partiet er det brattaste på denne nedfarten og brattheita i toppen vil variere etter kor mykje vindtransportert snø som er innblåse. Kring 1100 moh møter nordsida av høgde 1387 moh austsida av Grånipa. Følg Grånipatraseen vest av Stølsgrøvene gjennom skogen ned til indre del av Gunvordalsstølen.