Det er to oppturar til Høgafjellet. Den eine er den vestlege oppturen til Nonsholten, frå vestskaret vestover via Strupen og deretter opp til toppen. Det andre alternativet er å gå inn Laugadalen til Reset og opp nordsida. Dette er å anbefale for å få god informasjon om snøforholda og gjere seg kjent i nordsida. 

Frå Brandhaugadn parkeringa går ein 2,5 kilometer inn Gunvordalen/Laugadalen til Reset. Innmarsjen inn dalen kan ein enten gå sørsida av Laugi via Gunvordalsstølen, eller ein kan gå inn traktorvegen på nordsida av Laugi og vidare til Reset. Elva kan ein som oftast krysse fleire plassar. Frå Reset går ein opp slakaste del av nordflanken vest av elva frå Resavatnet. Når ein kjem over eit brattare parti (940 moh) på nordflanken, dreiar ein mot Resavatnet. Gå på ryggformasjonen på sørsida av vatnet for deretter å følgje ein austleg flanke/ryggformasjon til toppflanken.

Følg nordaustflanken til ein kjem aust av ryggformasjonen og forbi den første klippa. Drei meir nordleg og følg flanken ned til terrenget blir mindre bratt. Fortsett ned den siste brattare nordflanken ned til Reset. Følg sørsida eller nordsida ut dalen.