For gopningane, folk fra Gaupne, er Hest et eit must for dei ivrigaste skilauparane. Det er lett å skjøne korleis fjellet fekk namnet sitt, austryggen dannar mana og nakken på gampen, medan hovudet og mulen stupar ned mot Veitastrondi.

Gå til sørenden av dammen som demmer opp Tunsbergdalsvatnet. I nordenden av vatnet ligg Noregs lengste brearm, Tunsbergdalsbreen. Vegen vidare mot Hest, Grøndalseggi og Asbjørnsnosi følgjer alle den same vegen gjennom skogen frå dammen. Rett før dammen skrår ein opp i skogen og følgjer ein rydda trase sørover og oppover myrane. Dei ligg vest for den markerte ryggen som strekker seg sørover i forlenging av dammen. Etterkvart traverserer ein i humpete skogsterreng vestover mot hytta som ligg i skoggrensa, men når ein bikkar over toppen openberrer det store skiterrenget seg. Nonskard, 1300 moh, er neste mål, gå sørvestover opp moderat bratte bakkar der bekkedalar skjer seg ned og dannar det einaste faremomentet. Det bratnar før Nonskard, kryss midt på den svake ryggformasjonen opp her, når ein kliv opp på ryggen får ein utsikta som vil følgje ein nordover mot Hest. Ein bratt passasje på kulen rett nord for Nonskard vert vurdert, før ein held god avstand til dei normalt enorme, austvende skavlane bortetter ryggen. Dårleg sikt er ein uting på slike ryggar og gjev god grunn til å snu i Nonskard. Litt opp og ned bortetter ryggen gjev nokre høgdemeter ekstra, før siste bakken opp til toppen som er bratt og utsett. Eit snøskred her kan verte ei ferd på 1600 høgdemeter ned Utledalen. Dei fleste vel å setje frå seg skia før toppen på ein eigna stad, gjerne heilt nede i skaret. Nedatt same vegen.

Den vakraste og mest opplagde skilinja i heile Sogn saman med nordrenna på Austabottind kan vere vanskeleg å treffe i gode tilhøve. I le for vestaveret og vindutsett som det er på ryggen kan både dårleg føre og skred kødde turen til for ein i vintersesongen. I vårsesongen tek sola tak i snøen her i frå midten av mars, men berre på det som er mest solvendt. Då lønner det seg ofte å vente nokre veker så ein får rein vårsnø å forhalde seg til. Timing er alt på denne ruta, hard snø kan gjere turen farleg. Å skreie ned i trygg laussnø i rosa kveldslys er draumen.