Det markante fjellet lokkar i dag skikøyrarar med ei av dei finaste kvite sidene i Sunnfjord, som du kan setje signaturen din i. Sida er spesielt kjent for si jamt bratte helling. Toppen kan du nå via ulike ruter, der vegvalet opp via Oldeskaret fører deg gjennom eit område med spektakulær natur. Er du i Sunnfjord når forholda på Hanekammen er perfekte, vil denne toppen garantert gi deg ei ugløymeleg oppleving! 

Tilkomst/parkering: Frå Skei følgjer du E39 nordover og tek på Klakegg av i krysset skilta mot Stardalen. Frå Klakegg held du fram på fv453 til Høyset, ta av der det er skilta mot Høyset Camping.  Parker ved utkøyringsplassar langs grusvegen ved Høyset Camping, eller nede ved fylkesvegen. Det er framtidige planar for toppturparkering i dette området. Seint om våren kan bomvegen mot Haugastøylen opne slik at du kan køyre opp i Haugadalen.

Du følgjer skogsvegen opp Haugadalen, der lokale stadnamn som Moseskreda og Jakobskreda fortel om eit skredutsett område i det flate partiet av vegen. Frå Haugastøylen følgjer du dalen eit stykke på vestsida av elva, og kryssar over brua like før dalbotnen. Du fortset nordover i sida opp mot Storevatnet, og rundar nord for høgda 1094 moh. Du følgjer langs nordsida av Storevatnet til Oldeskaret. Her rundar du opp på ryggen og følgjer den sørover mot hengebreen som ligg under Hanekammen. Du kryssar hengebreen og rundar mot aust siste stykket til toppen.