Om forholda er på plass er det anbefalt å parkere bilen og ta skia fatt. For denne korte turen gir mykje att av både utsikt og spektakulær skikøyring, og du har garantert fått full energitank etterpå! 

Tilkomst/parkering: Parkering ved Skei Servicenter (Esso). 

Sidan terrenget er bratt er det anbefalt å gå opp renna før du køyrer ned. Først kryssar du bøane og følgjer deretter ein traktorveg opp mot sjølve renna. Renna er jamt bratt, men noko brattare like før toppen. Frå toppen av renna når du toppunktet på høgde 860 moh. ved å runde nord om det brattaste henget.