Eit alternativ er via Myrdalsbreen og nordover til toppen. Dersom ein likar å gå, og å ha fleire nedkøyringar på same turen, kan ein gå via Skjerdingane 1520 moh i Frudalen. Ein får då ei nedkøyring til Styggebotnvatnet (472 høgdemeter) for deretter å gå opp igjen nordaustsida til Gunvordalsbreen (556 høgdemeter). Frå toppen kan ein enten ta ei nedkøyring (10.3) ned i Laugadalen og ut igjen Laugadalen til Gunvordalen, eller ein kan turen tilbake igjen via Styggebotn og Skjerdingane 1520 moh i Frudalen og nedfart 14.2.

Bruk opptur 9.1 til Myrdalsbreen/Voggebreen. Frå toppen av Myrdalsbreen sklir ein nordover ned til 1450 moh før ein går opp igjen slakaste veg til Ryssebotnrana 1604 moh. Ønskjer ein å gå via Strupen og Synnevaskjer kan ein starte turen frå Gunvordalen. Sjå opptur for Synnevaskjer. 

Denne turen er ei forlenging av turen 14.1 Skjerdingane i Frudalen. Frå toppen 1520 moh køyrer ein slakaste variant av sørflanken ned til elveutløpet til Styggebotnvatnet. Ein går over elva nedanfor vatnet og opp den slakaste flanken sørvest av Styggebotnvatnet. Fortsett austflanken til toppen av Gunvordalsbreen 1604 moh.