Oppstigninga langs Salsegga fører deg inn i eit mektig naturområde.  Her kjem du tett på Nikolai Astrup sitt kjende motiv «Kollen» og dei dramatiske fjellsidene i Kjøsnesfjorden. Frå det flate breplatået har du eit eldorado av nedkøyringar framfor skituppane dine. Vil du utfordre deg der det er heftig bratt? Eller går du heller for dei store kvite sidene med perfekt helling? Grovabreen har det meste for alle som likar seg på tur i storslått vinterdekt brelandskap! 

Tilkomst/parkering: Frå Vassenden køyrer du inn på fv451, Nikolai Astrups veg, som er skilta mot Kjøsnes og Astruptunet. På Myklebust tek du av mot Dvergsdalsdalen, og køyrer langs den kommunale vegen til du kjem fram til toppturparkeringa i vegkrysset mellom Dalheim og Svorheim. Frå Skei køyrer du rv5 til Kjøsnes og tek av inn på fv451 der det er skilta mot Vassenden og Astruptunet. Køyr vegen fram til toppturparkeringa ved vegkrysset mellom Dalheim og Svorheim.  

Denne oppstigninga gir den finaste utsikta på veg opp. Du følgjer skogsvegen mot Dvergsdalsstøylen, og tek av i søraustleg retning opp den bratte skogsvegen mot Fagredalen. Når skogsvegen flatar ut går du i austleg retning mot Støylsnova. Du følgjer ryggformasjonen over Tverrfjellet og Salsegga, og går vidare inn på breplatået mot toppunktet på 1585 moh.