Veslebror Litlebotsegga har òg mykje bratt skikøyring å by på, og du opplever den langt frå liten når du skal nå toppen. Sjølv om anmarsjen frå Indrebø til Gotdalsstøylen er noko lang, har du nesten garanti for å finne begge fjellbrørne kledde i urørt snø – klare for dine førstespor. 

Tilkomst/parkering: Ta av E39 ved Ålhus til Indrebø og finn høveleg parkering ved vegen mellom Indrebø og Dalebø. Det er framtidige planar for toppturparkering i dette området. Seint på våren kan ein parkere lenger inne på skogsvegen etter å ha betalt bompengar.

Den første delen av turen følgjer du traktorvegen vel fire kilometer til Gotdalsstøylen. Frå stølen finn du det slakaste terrenget ved å gå noko nordaustover, og opp i Tolsbotnen. Derifrå held du høgda over i Litlebotnen, men det er òg mogeleg å gå meir direkte opp i Litlebotnen. Frå Litlebotnen følgjer du ryggen som stig i nordvestleg retning opp mot toppen.