Flott utsyn mot dei større nabotoppane, og om ein går utpå kanten mot vest ser ein ned mot Kvam ved Veitastrondsvatnet.

Den vanlegaste vegen opp følgjer vegen mot Hest eller Nonskard, men på omlag 1200 moh skrår ein meir sørover i stadig enklare terreng til ein ser den omlag 30 grader bratte sluttstigninga mot Grøndalseggi. Gå over flata og opp den runde ryggen sør for den austvende skålformasjonen. Nedatt same veg, eller mest truleg der du oppdaga best snø.