Ein kan følgje ryggen sørover til den namnlause høgda 1387 moh.

Følg riksvegen over brua mot Sogndal. Ved busslomma går du opp på jordet og gjennom ei opa grind vestover. Gå innover Gunvordalen til dei inste hyttene på Gunvordalsstølen. Gå opp der skogen er opnast. Når ein kjem ut av skogen flatar det ut og ein får oversikt over austsida. Rund aust av nokre små klipper før ein går opp austsida sør av eit svaparti som ofte har snøsprekker. Følg deretter austsida til toppen av Grånipa. Ønskjer ein å gå til høgde 1387 moh følgjer ein ryggen til toppunktet i sørleg retning. Det er ein kort bratt passasje på ryggen.  

Same rute ned som oppturen. Nedfarten startar på ryggen til Grånipa og går ned austsida. Følg austsida der det er slakast terreng. Når ein kjem ned under austflanken dreiar ein nordleg og sklir ned skogen til indre del av Gunvordalsstølen. Følg stølsstien/vegen tilbake til parkeringa.