Frå du set det første stavtaket ved den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet ligg alt til rette for storslåtte naturopplevingar for kvar høgdemeter oppover. Langs ryggen mot Gottopphesten kan du i ro og mak kvile auga over eit mektig bre- og fjordlandskap, medan bilturistane tek sjølviar frå den svevande plattforma ”Utsikten” 500 høgdemeter under deg. 

Tilkomst/parkering: Frå Førde køyrer du E39 til Moskog og tek av til fv13 mot Balestrand. Denne vegen går vidare mot Gaularfjellet. Frå Førde er det om lag 40 km til Viksdalen. Du kan og komme deg til Viksdalen ved å køyre av E39 på Sande og inn på fv13 mot Gaularfjellet. Fv13 over Gaularfjellet vert ofte vinterstengd ved Langestølen, som ligg ein km aust for Byttevatnet. Du kan parkere og starte turen ved bommen her. På våren vert vegen ofte brøytt fram til Kviteforklefossen, som er om lag ein km vest for Nystølsvatnet. Her er det ein parkeringsplass på sørsida av fylkesvegen.

Før vegen over Gaularfjellet vert opna om våren, følgjer du den fram til Nystølshaugane. Ta av i nordaustleg retning opp mot høgda 919 moh., og sving deg vidare oppover mot nordaust mellom dei to høgdedraga på 1075 moh. Gå nordover gjennom eit litt brattare parti opp til Nystølseggi, der du får flott utsikt i nordaustleg retning fram til Vardeggi, som er neste høgde du skal passere på ryggen. Frå Vardeggi held du fram i nordaustleg retning mot høgda 1406 moh. og vidare til høgda 1356 moh. Her har du toppen av Gottopphesten like nordaust for deg. På grunn av den bratte sida ned frå Gottopphesten må du runde toppen for å kome opp. Under toppen følgjer du ein hylleformasjon fram til platået på 1377 moh. Her følgjer du ryggen mot søraust til du når toppen av Gottopphesten på 1494 moh.