Oppstigninga via Fjellstøylen gir utsikt over noko av det vakraste vinterlandskapet Jølster har å by på. Nedkøyringa i Steinbotnen gir mogelegheit for varierte ruteval med helling som kan passe ulike nivå ned mot Gotdalsstøylen, som ligg i hjartet til eit av dei vakraste dalføra i Jølster.

Tilkomst/parkering: Ta av E39 på Ålhus mot Indrebø og fv454. Parkering langs vegen mellom Indrebø og Dalebø. Det er framtidige planar for toppturparkering i dette området.

Denne ruta gir den finaste rundturen på fjellet og ei stor naturoppleving med variert natur og vakker utsikt over Ålhus og vestre del av Jølstravatnet. På Dalebø startar du turen ved å følgje traktorvegen vel 200 meter før du tek av til høgre, og følgjer lia skrått opp i nordaustleg retning. Etter å ha passert Fjellstøylen, held du fram i same retning mot Fossegrova som du følgjer oppover på austsida mot Nonsnipa (1110 moh.). Deretter følgjer du fjellryggen som fører opp til Gotdalsnipa.