Tilkomst/parkering: Turtagrø er utgangspunktet for Gjertvasstind. Sjå skildring 3.1 og 3.2 av ulike alternative variantar inn til Gjertvassbreen.

Følg eitt av alternativa inn til Gjertvassbreen skildra i 3.1/3.2. Frå Gjertvassbreen passerer du foten av nordpillaren på Gjertvasstind og trekkjer mot austre kant av breen. Herfrå kan ein følgje kanten av breen eller renner til ein når austryggen. Følg denne til topps. Små hammarar unngår ein ut i nordsida langs austryggen.

Nedkøyringa krev gode skikunnskapar og brekjennskap. Breen har det siste året endra seg mykje i denne nordsida. Følg same veg som du kom opp, eller den du såg deg ut.