Like etter parkeringa startar du på den bratte oppstigninga med utsikt over Haukedalsvatnet heile vegen opp. Frå toppen ser du den ville fjellheimen nordover mot Jølster og austover mot Jostedalsbreen. 

Tilkomst/parkering: Følg fv483 til Birkeland på nordsida av Haukedalsvatnet. Parkering finn du ved starten av skogsvegen som går til Nesstølen. 

Du følgjer skogsvegen opp til Nesstølen på 605 moh. Frå ­stølen går du først nordaust mot ryggen, som du følgjer vidare i ­nordleg retning opp til toppen.