I Blådalen gøymer den fine villsnøen seg i le for vestavinden. Her finn du ofte gode snøtilhøve. På veg opp til Geitebotsfjellet passerer du Knausen, som er eit godt alternativ for ein kortare topptur.   

Tilkomst/parkering: Frå Viksdalen sentrum følgjer du fv13 vidare mot Myravatnet. På Hoffslåttene, i vestre ende av Myravatnet, finn du parkering ved skulehuset.  

Frå Hoffslåttene kryssar du Gaula over brua ved elveutløpet frå Myravatnet. Følg Fossestien langs Myravatnet til Hovstølen. Deretter svingar du sørover langs foten av Knausen mot høgdedrag 798 moh. Så tar du deg opp i skaret mellom Knausen og ryggen vidare mot Pallefjellet og Geitebotsfjellet. Følg ryggen til toppen.