Denne skituren har vore nytta som topptur sidan 80-talet. Austsida gjev også flott nedkøyring ned via Tverrelvi. Vestsida har vore mindre nytta fram til i dag. 

Gå inn Frudalen på sørsida av elva forbi Storsteinen og til der Botnaelvi og Tungelvi møtest. Derfrå skrår ein oppunder klipper og vidare nordover. Ein kjem inn på flatare terreng kring 800 moh. Gå mot Frudalsbotnen til ein kjem til det slakaste terrenget. Når ein kjem til 900 moh vel ein den midtre ryggformasjonen til det blir mindre bratt. Drei vestover til det lågaste punktet på Nipa. Deretter nordleg retning opp i ein liten dalformasjon. Skrå aust/nordaust i øvre del av dalen og inn på toppflanken. Følg denne til toppen. 

Sørsida på Frudalshesten har ofte god snø til å vere ei sørside. Nedfarten følgjer oppturen. Drei vest for å komme ned i dalen som fører til Nipa. Alternativet er ei meir direkte linje ned ein av renneformasjonane aust av Nipa. Det startar ein ny flanke frå Nipa og ned i Frudalsbotn. Skli ned til Storesteinen og ned Frudalen til parkeringa.