Du kan komme hit både frå Frudalen og frå Berge i Fjærland. Varden på Frudalsbreen ligg ein kilometer nord for Frudalshesten, 1554 moh. Frudalsbreen trekkjer seg nedover nordsida mot Vetlebotn. I tillegg er det ein nordaustarm som går nedover mot Haugabotn.  

Sjå opptur 20.1 på neste side. Følg vestleg variant som går under fjellklippa og opp søraustrenna på Sogndalseggi sørvest av høgde 1460 moh. Følg deretter Sogndalseggi vidare sørvestover til Frudalsbreen, 1598 moh. Her er det fleire bratte passasjar langs ryggen, samt store skavlar mot aust. Dette gjer at ein blir pressa mot vestsida av ryggen. Utgliding er utsett fordi vestsida endar i stup. Bruk stegjern og øks om det er hardt. 

Toppen av austsida vil ofte variere mykje i hellingsgrad på grunn av vestavêret som legg igjen mykje snø i denne sida. Inngangen på breen har ei konveks form. Hald deg i skihøgre del av dalformasjonen ned til stein/klippe (omlag 1040 moh). Køyr ned i innerste renne ned til Haugabotn. Ved gode forhold er dette ein flott og variert tur med mykje fin køyring i storslått terreng.