Den klassiske turen ned nordsida til Storebotn er ofte gått som ein rundtur frå Frudalen  (17.1, sjå side 92) til Berge. Dersom ein ønskjer å gå frå Berge kan ein enten gå opp nordsida til Frudalsbreen 1598 moh, eller ein kan nytte nordvestsida til Sogndalseggi som eit alternativ til opptur. Frudalsbreen er også tilgjengeleg frå Anestølen (17.3).

Gå ned forbi toalettbygget og vidare ned mot nærmaste gard. Ved første sving går det ein veg opp til brua som kryssar riksvegen. Gå inn Bessdalen langs sommarstien til Storebotn. Følg slakaste veg opp nordsida til Frudalsbreen. 

Nordsida av Frudalsbreen er ei mektig fjellside. Frå toppen held du midt i flanken ned mot 900 moh. Vidare ned vert det bratt mikroterreng, og du må gjere gjennomtenkte vegval for å komme deg ned denne delen av nordsida. Frå Storebotn følgjer du sommarstien på nordsida av Besselvi ned dalen til Berge.