Nordsida av Frudalsbreen er blitt ein klassisk nedfart til Berge i Fjærland (17.4, sjå side 145). Brearmen i austleg retning er ein bratt nedfart til Anestølen. Søraustsida av Frudalsbreen kan ein bruke både som opptur og nedfart via Tverrelvi. Parkering: Frudalstunnelen

Gå inn langs austsida av Tverrelvi. Ta opp ein søraustleg flanke aust for Frudalsfossen (Fossane). Når ein kjem til 760 moh traverserer ein i nordvestleg retning over ei skredrenne og inn i dalen. Dalen flatar ut og har eit mindre bratt parti fram til kring 900 moh. Her blir dalen smal og brattare opp til 1000 moh. Drei nordvestleg og gå opp den slakaste flanken mot Skjerdingane på Frudalsfjellet. Kring 1200 moh blir det mindre bratt. Drei meir sørvestleg mot Frudalsbreen. Dei siste 150 høgdemeterane er mindre bratte til toppunktet. 

Søraustflanken på Frudalsbreen ser ein frå parkeringa ved Frudalstunnelen. Frå toppunktet sklir ein søraustover. Søraustflanken bratnar til frå kring 1400 moh. Terrenget er konvekst, og den vestlege nedfarten har klipper både på vestsida og austsida. Eit alternativ er å følgje opptur-ruta ned mot Skjerdingane på Frudalsfjellet. Følg flanken ned i dalen. Når ein kjem ned dalen held ein nordsida av Tverrelvi ned til parkeringa.