På veg opp får du utsikt over Førdefjorden, og fjellmassiva Heilefjellet og Storehesten frå baksida. For born kan det vere artig å følgje med på flya som tek av og landar på Bringeland i det fjerne. Solnedgang frå Fauskevarden kan anbefalast! 

Tilkomst/parkering: Frå Førde følgjer du fv609  mot Askvoll. Du parkerer på parkeringsplassen like før Nordheitunnelen, om lag ti km frå Førde. 

Frå parkeringsplassen går du sørover, og legg sporet like aust for Storevassheia. Du held fram i same retning til du har passert aust for Holefjellet og vidare mot Skinnbroka. Før Skinnbroka svingar du mot vest opp mot Fauskevarden.