Fjellet er eit ynda reisemål for vårskiturar både for fjellskiløparar og dei som ønskjer litt brattare køyring. Ofte er området her det siste som har snø frå vegen utover våren.

Tilkomst/parkering: Ein når lettast fjellet frå Rv 55 Sognefjellsvegen. Køyr til Prestesteinsvatnet mellom Turtagrø og Sognefjellshytta. Parker ved Kørpen eller Storfonni.

Frå Sognefjellsvegen følg vestsida av Prestesteinsvatnet. Når du har passert demninga, trekkjer du opp i søkket aust for nordryggen til Steindalsnosi og inn på Fanaråkbreen. Sikt deg inn mot 1688-høgda aust for Fanaråknosi og rund denne til du kjem inn på søraustryggen og sommarstien frå Keisarpasset. Følg denne over Fanaråknosi og vidare langs austryggen til Fanaråken. Ver forsiktig med å halde for mykje høgd over breen. Det heng store skavlar på nordsida av Fanaråken. Passasjen opp på austryggen blir òg vesentleg brattare om ein går for høgt.