Den eignar seg godt som nybegynnartur, men er også mykje brukt som ein rask ettermiddagstur eller kveldstur med hovudlykt i dei mørke vintermånadane. Nedkøyringa går i ope terreng i starten og går deretter over i fin skogskøyring. 

Tilkomst/parkering: Frå Førde følgjer du E39 mot Vassenden. Etter om lag 13 km tek du av ved skiltet mot Eikås. Det er også skilta oppkøyring til Eikås nokre kilometer lenger aust på E39. Du kan bruke begge oppkøyringane. Parkering ved elva Storegrova. 

Første del av turen går oppover langs ein skogsveg vest for Storegrova til nokre stølshus like sørvest for Ytre Eikåsstøylen. Stølen ligg ved tregrensa på 500 moh.  Vidare går turen jamt og slakt oppover mot toppen. På veg opp kan du komme borti nokre korte heng som er over 30 grader, men det er ikkje vanskeleg å legge ruta slik at ein unngår dei brattaste henga.