Frå Torsbotn har du god oversikt over alle mogelege oppstigningar og ­nedkøyringar, og du har gode mogelegheiter for å kunne ta fleire toppstøyt på same tur. T­­oppane kan kombinerast til ulike rundturar. Uansett kva rute du vel, vil du bli lønna med ­fantastisk utsikt. 

Tilkomst/parkering: Du køyrer E39 til Årdal i Jølster og held fram opp Årdalsdalen på vestsida av dalen. Det er skilta toppturparkering ved enden av vegen med parkeringsavgift. Du kan òg køyre litt vidare til parkeringsplassen for lysløypa (parkeringsavgift).

Turen startar ved parkeringa til lysløypeanlegget i Årdalsdalen. Ruta følgjer lysløypa nokre hundre meter nordover langs traseen, til du får ein skogsveg på ­venstre side som går i nordvestleg retning mot ­Torsbotn. Følg skogsvegen til endes og legg deretter sporet langs Støylsgrova, gjennom bjørkeskogen opp mot Torsbotn. Når det flatar ut går du nordover mot den austvende ryggen som tek deg opp til Dalefjellet.