Dette er rekna som ein lang dagstur for dei fleste som går turen, men det er den kortaste og rolegaste etappen for deg som går Sunnfjordruta. Denne dagen kan du ta deg tid til å nyte brelandskapet med brefall og bratte sider, samt utsikta frå toppen mot havet i vest, og Hurrungane og Lodalskåpa i aust.

Du følgjer skogsveg opp Haugadalen, der lokale stadnamn som Moseskreda og Jakobskreda fortel om eit skredutsett område i det flate partiet av vegen. Frå Haugastøylen følgjer du dalen på vestsida av elva nordover mot Haugabreen. Opp brefallet er det vanlegast å gå langs midten av brearmen. Der breen flatar ut held du fram nordover til du har passert fjellhamrane på venstre sida. Rett etter desse dreiar du mot vest og går brattare opp brefallet som vender opp mot høgda 1670 moh. Når du er kommen opp det brattaste partiet ser du toppen mot nordvest, og svingar gradvis mot denne. 

Frå toppen køyrer du sørover og passerer vest for høgda 1687 moh. og vindgryta rundt denne som lokalt vert kalla «Djevelens dansesal». Du held fram i same retning ned det bratte brefallet. Der brearmen flatar ut legg du gradvis sporet mot sørvest ned mot brevatnet, og held fram nedover mot Sollibotnen. Frå Sollibotnen kan du køyre på begge sider av moreneryggen kalla Sollirinden. Ver merksam på at elva kan være opa sør for Sollirinden. Du følgjer skogsvegen ned til Veiteberg.