Du startar med ein topptur til Bjørga og får deretter ei lang vandring over Jostedalsbreen, der du får med deg dei kjende landemerka Grensevarden og Bings gryte. Til slutt vert du lønna med nedkøyringa frå Hanekammen, som tidlegare er skildra som ei topptur-nedkøyring frå øvste hylle. 

Frå Skei følgjer du E39 nordover (1,5km) og tek av i krysset skilta mot Fossheim. Du startar turen frå kraftverket på Fossheim og følgjer skogsvegen til endes ved demningen. Her kryssar du elva over brua og går søraustover til Indre Fossheimsstøylen. Ruta går opp Litleaksla til toppen av Storaksla, og vidare på ryggen som svingar seg mot Bjørga.

Frå Bjørga køyrer du ned mot Rambjørgebotnen. Når terrenget flatar ut nærmar du deg det brattaste partiet i nedkøyringa. Her finn du den slakaste linja ved å halde deg eit stykke vest for elva som renn ned Rambjørgebotnen. Nedst i Rambjørgebotnen går du austover og rundar foten av Bjørgjaryggen, før du kryssar Loneelva. Her går du vidare mot Skaret og Strupen.