Du kan nyte morgonstunda med utsikt til Sognefjorden omkransa av fjellrekker forankra i sjøkanten, og avslutte kvelden med ei nedkøyring til foten av dei blankskurte fjellsidene som stuper ned i Kjøsnesfjorden.

Før vegen over Gaularfjellet vert opna om våren, følgjer du denne fram til Nystølshaugane. Ta av i nordaustleg retning og passer høgda 919 moh. på veg til høgdedraget på 1075 moh. som ligg over Skarvedalsvatnet. Her svingar du aust opp eit litt brattare parti til Nystølseggi, før du fortset i nordaustleg retning til Vardeggi, som er neste høgde du skal passere på ryggen. Frå Vardeggi held du fram i same retning mot høgda 1406 moh. og vidare til høgda 1356 moh. Under toppen av Gottophesten følgjer du ein hylleformasjon fram til platået på 1377 moh. Følg så ryggen som ligg mellom Norddalsvatnet og Skaddalsvatnet i nordvestleg retning mot høgda 1487 moh. Siste stykket opp mot toppen av Sunnfjordbjørnen går i relativt flatt landskap i nordaustleg retning. 

Frå Sunnfjordbjørnen køyrer du nordover inn i ei lang fjellside der du kan leike deg i variert terreng. Hald deg langs dei små ryggformasjonane i terrenget. Frå Skålebotnen køyrer du i nordaustleg retning mot Mevatnet og kryssar elva vest for vatnet.