Normalvegen er solrik sørvendt, og det er god plass til mange skilauparar. Anmarsjen er forholdsvis lang, men sola opp dei jamne fine bakkane til topps gjer turen inn verdt det. Buskrednosi vert rekna som eit trygt fjell i høve til snøskred om ein treffer normalruta, og er eit av dei mest vitja fjella i Jostedalen. Fjellet er vindutsett grunna lite snøsamlande formasjonar, ta turen etter snøfall med lite vind, eventuelt på vårføre med solsmelta snø i ei varm sørside, som nok er Buskrednosi på sitt beste.

Følg fyrst den bratte vegen inn austover dalen, passer Vårstølen før ein slepp seg ned på myra som leier ein austover mot Vigdalsstølen. Ta nordover i opningar i skogen etter bratt bakke rett etter myra, gå mot dei nordlegaste stølshusa. Finn så open rygg litt vest som leier deg gjennom stadig opnare småskog nordvestover opp fjellet. På om lag 980 moh hald drag mot nordaust, så mot nordvest for å gå slakaste veg opp. Vidare jamt 25 grader opp lettaste veg, men det fordrar å gå rundt enkeltheng på 30 grader pluss. På vel 1300 moh flatar det ut mot den store toppvarden, den er lett å finne i ok sikt. Nedatt er det lurt å køyre der snøen er best! Den direkte linja som er teikna inn på oversiktsbiletet gjev noko brattare skreiing.