Både oppstigninga og toppunktet gir eit vidt spenn av naturkontrastar ved at du kan kvile auga på både tronge dalføre, Jostedalsbreen og Jølstravatnet. Nedkøyringa går i ei lang og naturleg tilrettelagt, fin side. Bolsetnipa passar alle generasjonar som vil besøke høge kvite toppar. 

Tilkomst/parkering: Frå Skei følgjer du E39 og tek av der det er skilta mot Fossheim. Tidleg på sesongen finn du parkering ved Fossheim kraftverk. På våren kan du mot avgift køyre opp skogsvegen til Fossheimsdalen. 

Frå Fossheim kraftverk går du opp heile skogsvegen mot Fossheimsdalen. Ved enden av vegen kryssar du brua over Fossheimselva, og følgjer dalformasjonen austover mot Bolsetbotn. Inst i botnen held du fram i same retning, og svingar deg nordover mot høgda 1229 moh. Du går forbi Grepstanibba på vegen mot toppen av Bolsetnipa.