Turen opp via Frippet kan vere utfordrande med enkelte vanskelege parti, og nedkøyringa via Myreskaret er krevjande med renneformasjonar i dei brattaste partia. Skikøyrarar som trivast i denne type fjellsider kan finne artig laussnøkøyring her, sjølv om vinden har blese snøen av toppane. Om du ønskjer å forlenge turen, tek det ikkje lang tid å gå til toppunktet 1416 moh. i retning mot Skarvedalsbreen. Herifrå kan du òg nytte nedkøyringa via Myreskaret.

Tilkomst/parkering: Følg fv483 til enden av Haukedalsvatnet, og vidare mot Grøning. Eit kort stykke før du kjem til Grøning, tek du av til høgre mot Myra. Du køyrer her til enden av vegen, og finn ein høveleg parkeringsplass. 

Frå parkeringa går du sørover langs dyrka mark. Når du kjem inn i skogsområdet, går du søraustover til du når ryggen like vest for Sygneelva. Du følgjer ryggen oppover til om lag 1180 moh. Deretter svingar du sørover til du kjem fram til ein rygg som leier deg sørvest opp til toppen.