Over Heilevangsstaurane går du delvis langs ein smal rygg med stupbratte fjellsider ned mot Førdefjorden og Dalsfjorden. Den harde steinsorten frå Devon-tida for omlag 400 millionar år sidan, har ført til at Storehesten og fjellkjeda mot Blægja står som eit einsamt fjellmonument i eit elles ganske så flatt landskap. Dette gjer at du frå toppen får ei opa utsikt til alle kantar, og mot vest ser du langt utover havet.

Tilkomst/parkering: Frå Førde køyrer du E39 til du tek av mot Bygstad på fv57. På Hjelmeland køyrer du forbi krysset der fv422 tek av mot Osen bru. Kring 200 meter etter dette krysset går det ein gardsveg opp til høgre der du kan finne parkering langs vegen.

Frå parkeringa går du mot nord langs gardsveg til Stangavatnet. Herifrå svingar du mot nordvest og følgjer åsrygg forbi Liastølen, før du svingar nordover opp mot Yndestadstølen. Forbi stølen fortset du nordover mot toppen av Oksekleivheia. Herifrå sklir du ut fjellsida mot Kvamsskaret. Partiet etter Kvamsskaret vert på folkemunne kalla Flatehesten. Ruta held fram mot nordvest på nordsida av Seltuftevatnet mot høgda 860 moh., som lokalt vert kalla Sauekranakkane. Før du passerer Selsvatnet svingar du litt meir nordvest mot Heilevangsstaurane, der du går over den første toppen som er 1231 moh. Herifrå går du i vestleg retning mot neste topp på 1223 moh. som du passerer nord for. Du får ein kort unnabakke før du tek til på siste oppstigninga langs det smale partiet som heller skrått ned mot sør, mens det mot nord er bratte fjellsider ned mot Blåfonna og Førdefjorden.