I desse kulissane kan du finne mange fotomotiv på dei 1300 høgdemetrane du har framfor deg, både på oppturen og nedkøyringa. Vel du ruta ned Rørvikenipa, får du kjensla av å sette skituppane rett i fjorden når set utfor kanten. 

Tilkomst/parkering: Frå Førde køyrer du fv609 mot Askvoll fram til Rørvika. Like før Rørvika står det ei infotavle, her er det plass til å parkere. Stien mot Blægja startar om lag 100 meter vest for infotavla. 

Denne turen er mest vanleg å gå litt utpå sesongen, når snøgrensa her ute ligg på 400-500 moh., slik at den bratte stien i starten opp gjennom skogen er bar. Frå Rørvika følgjer du den merka sommarstien som passerer like vest for Hengenipa. Herifrå går du i sørvestleg retning, forbi ei hytte som ligg på 600 moh., og rundar Rørvikenipa ved å følgje dalføret og elva fram til Nipevatnet, som du passerer langs nordsida. Etter Nipevatnet, svingar du meir austover og tek til på den bratte oppstigninga mot toppen.