Allereie tidleg i sesongen er det sol i den sørvende sida. Skålformasjonen øvst og skogsterrenget nedst gjer at snøen her ligg meir beskytta enn plasseringa skulle tilseie. Blånipa og Høgefjellet er passande turar for dei som vil ha utfordringar i variert og moro terreng. 

Tilkomst/parkering: Du køyrer til Solheim, 1,5 km vest for Ålhus. Ta av frå E39 og parker på Solheim. Dersom du vil gå på Blånipa frå Ålhus tek av E39 mot Øvrebø og følgjer fv454 om lag 1,2 km før du svingar til venstre mot Nedrebødalen. Parker ved driftsbygningen på første garden du møter. Det er framtidige planar for toppturparkering i dette området.

Turen startar ved brua over Ørnebottgrova. Du startar oppstiginga langs vegen på vestsida av grova og følgjer denne til eit eldre gardstun. Deretter går du vidare i nordleg retning over beitemark og open lauvskog like vest for grova. Følg ryggformasjon nordvest forbi hamrane, og traverser deretter nordaust mot stølshus i Ørnebotnen på om lag 600 moh. Herifrå kan du enten legge sporet nordover opp skålformasjonen eller opp langs ryggen på austsida av skåla. Når det flatar ut, er det vel ein kilometer i austleg retning i flatt terreng til toppunktet av Blånipa. Turen mot toppunktet gir ikkje meir nedkøyring, men byr på ei fantastisk utsikt mot det bratte og alpine skiterrenget rundt Nedrebødalen.