Frå toppen kan du dra på i vide fjellsider, og deretter leike deg i småkupert terreng gjennom bjørkeskog. Terrenget legg med andre ord godt til rette for skikøyrarar som vil more seg med store svingar og spenstige hopp!  

Tilkomst/parkering: Følg fv483 til Hårklau på nordsida av Haukedalsvatnet. Parkering finn du ved innkøyringa til gardstuna her. 

Frå Hårklau følgjer du skogsvegen opp mot restane etter ­Hårklaustølen. Frå stølen går du nordvest i småkupert terreng mot den søraustvende ryggen. Denne følgjer du vidare opp mot toppunktet. På veg opp passerer du eit flott utkikkspunkt ved ein steinvarde.