Fleire lokale sogndøler har omtalt nordsida som «baksida av Blåfjellet» medan sørsida har vore «framsida». Frå vinteren 2010 kunne ein høyre, nytilflytta toppturentusiastar definere nordsida som «framsida» av Blåfjellet og sørsida som «baksida». Dette språkspelet er eit godt døme på at bruken av fjellet har endra seg gjennom åra. Den solrike sørsida har fått konkurranse av snøkvaliteten i den solfattige nordsida. I denne samanhengen vert omgrepet nordsida brukt om nordsida/nordflanken ned til Gunvordalen.

Følg opptur 2.1. Frå toppen av Svarteholten går det litt ned før toppflanken på Blåfjellet tek til. Dei siste hundre høgdemeterane opp til toppunktet er relativt slake.    

Toppflanken på nordsida av Blåfjellet ligg mellom Svarteholten og Nonsholten. Flanken er om lag ein kilometer brei. Vi har valt å markere to linjer ned nordsida: Den austlege varianten går ned vest av oppturen via Svarteholten og over eit bratt parti før ein kjem inn på Svarteholtryggen øvst i skogen. Deretter via myrene ned til Gunvordalen. Den vestlege varianten går ned meir midt i nordsida. Linja følgjer det slakaste terrenget nedover til ein møter tre og busker kring 700 moh og vidare over myrene og ned til Gunvordalsstølen. Derfrå stølsvegen tilbake til parkeringa.